![]() |
|
|
|
FornminneSteinalderreiskapar og gravrøyserFunn av steinøkser og flintdolkar i området rundt Herdla vitnar om at her har budd menneske for 7000-8000 år sidan. Kopi av diverse funn er utstilte i Herdla museum.
Bygdeborg
Nord for Herdla kyrkje ligg det som kan ha vore ei bygdeborg frå folkevandringstida (400-600 e. Kr.). Borga vart bygd som vern mot fiendar og låg omlag 29 meter over havet. Undersøking gjort i 1925 kunne ikkje slå fast om det verkeleg er bygdeborg på Herdla. Men arkeologen, Håkon Shetelig, meinte at området er kunstig laga. Det styrkjer teorien om bygdeborg. Det finst berre to bygdeborger i Hordaland, på Herdla og i Etne i Sunnhordland. På sletta nord for Herdla kyrkje er funne spor etter eit stort tun med bygningsrestar, kulturlag og funn av lær frå mellomalderen (ca. 800-1500 e.Kr.). Desse funna kan kanskje knytast til det gamle hovdingsætet på Herdla. Vikingtid
I Snorre Sturlasons Heimskringla møter me Herdla fleire gonger gjennom kjende namn som Egil Skallagrimsson, Sigurd Slembe, Einar Pålson (Lakse-Pål). Den islandske hovdingen Egil Skallagrimsson ætta frå Noreg. Han kom i unåde hos kong Eirik og dronning Gunhild og vart lyst fredlaus ca. 930. Før Egil drog frå Noreg, hemna han seg ved å reise nidstong mot kong Eirik ved å plassere eit hestehovud på ei stong for å vise sin avsky for kongen. Om nidstonga vart reist på Herdla eller i Herdlevær (Øygarden), stridest dei lærde om. |
|
|
||
| © 2000-2005 Herdla museum | ||