Museumsnett - Informasjon

Museumssenteret i Hordaland

8. juni 2016

Museumssenteret i Trysil/Engerdal - informasjon

Fylke: Hordaland
Type: Museum

http://www.muho.no/

Museumssenteret i Hordaland er ein kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon som driv bevaring, forsking, undervisning og formidling om kultur- og naturhistorie frå fortid til samtid, knytt til naturlandskapa, busettings- og bygningshistorie, nærings- og industriutvikling, sosialhistorie og samferdsel. Museumssenteret i Hordaland utfører også tenester innan samlingsforvaltning for musea i Hordaland.

 

Om Stiftinga Museumssenteret i Hordaland

Avdelingar
Museumssenteret i Hordaland (MuHo) består av fleire museum i Hordaland og har avdelingar i Salhus, på Lygra, Radøy og Osterøy.

I Salhus, Bergen: Norsk Trikotasjemuseum, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta i Nordhordland 
På Osterøy: Osterøy museum og Havråtunet
På Lygra, Lindås: Lyngheisenteret
På Sletta, Radøy: Vestnorsk utvandringssenter

Stiftinga Museumssenteret i Hordaland
Museumssenteret i Hordaland er ein kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon som driv bevaring, forsking, undervisning og formidling om kultur- og naturhistorie frå fortid til samtid, knytt til naturlandskapa, busettings- og bygningshistorie, nærings- og industriutvikling, sosialhistorie og samferdsel. Museumssenteret i Hordaland utfører også tenester innan samlingsforvaltning for musea i Hordaland.

Museumssenteret i Hordaland (MuHo) vart det første konsoliderte museet i Hordaland ved samanslåinga av Norsk Trikotasjemuseum, Bevaringstenestene og Felleskonservator for tekniske og industrielle kulturminne i Bergen i 2004.I 2006 vart avdelinga Kulturverntenesta i Nordhordland oppretta. Frå 1. januar 2007 vart drifta av Osterøy museum, Havråtunet og også ein del av MuHo, medan Lyngheisenteret kom med frå 12. februar 2007. Vestnorsk utvandringssenter vart konsolidert inn per 1.01.2010.

Museumssenteret i Hordaland er organisert som ei stifting

Mest besøkte