![]() |
|
|
|
"De Zee Ploeg"I august 1817 kasta det hollandske skipet "De Zee Ploeg" loss frå Amsterdam i Nederland med 550 tyske utvandrarar som skulle til Amerika. I Nordsjøen kom skipet, ein tremasta pink, ut for ein storm som førte til at det havarerte og vart slept til Bergen (modell av skipet er utstilt i museet).
Mangel på mat og drikke førte til at mange vart sjuke og døydde. Skipet var så sterkt skadd at det ikkje kunne fortsetje over Atlanterhavet. Emigrantane måtte skaffe seg andre skip. Ikkje alle reiste til Amerika. Følgjande familiar busette seg i Bergen: Bader, Bay, Blessing, Brattenschlag, Buntz, Deiz, Døscher, Haffner, Hess, Hilt, Kuhnle, Rieber, Scharffscher og Zaggau. I 1997 vart ein minnestein over hendinga med "De Zee Ploeg" avduka ved Herdla museum i regi av Herdla sogelag. Steinen har seks symbol som viser vegen gjennom livet. I samband med avduking av minnesteinen vart ein dokumentarfilm på 21 min. laga om hendinga med "De Zee Ploeg". Denne vert vist i Herdla museum. Brosjyre om hendinga på norsk, tysk og engelsk.
|
|
|
||
| © 2000-2003 Herdla museum | ||