![]() |
|
|
|
HerdlaPå nordspissen av Askøy, tre mil frå Kleppestø og Askøybrua, ligg den 1,6 kvadratkilometer (km²) store øya Herdla. Herdla skil seg ut frå landskapet elles i Hordaland. For vel 10 000 år sidan var heile landet vårt dekka av is og snø. Då tok issmeltinga til, og etter nokre hundreår var mesteparten av fjordane i Nord- og Midhordland isfrie. Issmeltinga førte til at lausmassar, sand, grus og jord, vart ført frå innlandet og ut mot havet og forma Herdla og Herdleflaket som ei flat, stor endemorene. Herdla heva seg 32 meter og Bergen 54 etter at isen smelta. Dette var med og forma Herdla til den største garden og det rikaste fuglelivet i Hordaland. Bonden på Herdla hadde fram til 1. mars 2000 ein buskap på 250 storfé, og ein mjølkeproduksjon på 400 000 liter i året. Mjølkekvoten vart seld frå 1. mars 2000. Herdla kommuneHerdla vart 1. januar 1871 skild ut frå Manger som eigen kommune med namet Herdla herad. Det administrative setet vart lagt til Herdla øy. Kommunen omfata omlag 2000 øyar, holmar og båer og var 114 kvadratkilometer. Berre 10 kvadratkilometer var jordbruksareal. Fiske var viktigaste næringsvegen. Ca. 5000 menneske budde i kommunen då han vart oppløyst frå 1. januar 1964. Øygarden kommune vart skipa, Misje og Turøy vart lagde til Fjell kommune. Området Kjerrgarden-Herdla vart lagde til Askøy kommune og Eikeland-Husebø til Meland kommune. Bognøy vart lagd til Radøy kommune.
|
|
|
||
| © 2000-2005 Herdla museum | ||