Nordsjøfartmuseet
i Telavåg
Museet vart opna den 26. april 1998. Det er eit flott
og moderne bygg med kinosal til nærare 100 personar
og konferanserom. Bygget er teikna av arkitekt Paal
J. Kahrs.
Dei tre faste utstillingane på museet omhandlar
Telavågtragedien, Nordsjøfarten og Shetlands-Larsen.
Det er sett av eigen plass til skiftande utstillingar.
Desse vert annonsert i pressa. I dei skiftande utstillingane
vil me ta opp andre sider ved krig/fred-problematikken
og setje Telavågtragedien i eit større
perspektiv.
Telavågkonferansane som Nordsjøfartmuseet har arrangert har sett krig-/fredspørsmål og spørsmål knytta til brot på menneskerettane på dagsordenen.
TILSETTE VED NORDSJØFARTMUSEET
Jenny Heggvik: Avdelingsleiar
e-post: jenny@museumvest.no
Eirik Gurandsrud: Undervisningsleiar
e-post: eirik@museumvest.no
Margrethe Kallestad: Sekretær
e-post: margrethe@museumvest.no
Adresse:
Nordsjøfartmuseet
5380 Telavåg
|