Restaurering frå A til Å

Dokumentasjon og demontering
Kjøl
Spant
Hekk og stamn
Kjølsvin og kjølboltar
Hud og garnering
Bjelkar og kravellar
Dekk
Skansekledning og rekke
Dekkshus og innreiing
Pumpe og spel
Driving
Mast og rundholt
Beslag
Rigg og segl
Motor og motormontering
Maling og impregnering

Bileta i utstillinga er frå arbeidet med jakta Brødrene af Sand som blei restaurert ved HFS i åra 1997-1999. Brødrene af Sand er ei ryfylkejakt på 50 fot som truleg blei bygt på Jelsa i Ryfylke i 1860-åra. Fartøyvernsenteret sitt oppdrag gjekk ut på å tilbakeføra Brødrene til seglfartøy med 1905 som referansetidspunkt.

Kva er restaurering? Utgangspunktet når ein restaurerer er at det skal takast vare på mest mogeleg av den originale materialen, men på same tid må krava til styrke og levetid stettast. Alle deler som blir skifta ut skal erstattast av deler med same utføring og materialkvalitet. Alle løysingar skal vera baserte på innsamla dokumentasjon. Også sjølve restaureringsprosessen skal dokumenterast med bilde, skisser og rapport.

Eit restaureringsprosjekt involverer mange faggrupper, og resultatet er avhengig av godt samarbeid og dyktige fagfolk i alle ledd. Dei fleste funksjonar er dekka inn ved eigne stillingar på Fartøyvernsenteret, men vi er også avhengige av underleverandørar.

Enkelte ord er understreka i teksten.
Desse kan du klikke på, og få opp
ei forklaring frå ordlista.

Ein fullstendig rapport frå restaureringa
av Brødrene (164 s) kan kjøpast frå
Bokhandelen
.