M/K Vikingen
Hardangerkuttar med segl og motor
M/K Vikingen er eit godt døme på ein hardangerkutter. Då
jaktebygginga tok slutt kring århundreskiftet, var det kuttertypen
som kom inn og vart dominerande. Som særskilt fartøytype vart det
bygd kutterar heilt fram til 1960-åra. M/K Vikingen representerer
ein spennande tid i norsk teknologi- og fiskerihistorie. Omkring
1915 tok segl til å verta avløyst av motor som framdriftsmiddel.
Men sidan motorane var etter måten svake og ikkje heilt til å lite
på, var det framleis trong for segl. Kunnskapen om bruken av motorane
var vel heller ikkje så høg. Sidan Vikingen representerer
to teknologiar vert han gjerne kalla eit overgangsfartøy.
Vikingen vert no nytta i formidlings- og ungdomsarbeidet ved HFS.
Om sommaren er det høve til å vera med Vikingen på
fisketur på fjorden. Vikingen har vore på fleire langturar,
våren 2003 heilt til Skottland!
Kuttertypen
Kutteren er ingen særnorsk båttype, men er utvikla med grunnlag
i den austengelske seglande trålaren og drivgarnsfiskebåten. På
1800-talet utvikla engelske båtbyggjarar den langsmale, djupe og
velseglande fartøytypen til tråling og drivgarnsfiske i Nordsjøen,
særleg etter makrell. Ein var avhengig av rask transport av den
lite haldbare fangsten inn til land.
Etter kvart som britiske fiskefartøy tok til å bli drivne med dampmaskin
kring 1900, vart mange fartøy bydde ut for sal. Fiskarane på Vestlandet
kjøpte inn fleire hundre "engelskmenn" og sette dei inn
i fiske og fraktfart.
Etter kvart vart det behov for nybygg til den norske fiskeflåten.
Hardingane hadde for lengst oppdaga "engelskmannen" sine
gode eigenskapar. Med dette som utgangspunkt vart det utvikla ein
eigen "norsk" fartøytype. Det som skil den norske kutteren
frå den engelske er eit større spring i dekket og den mjukt runda
hekken. Og medan engelske kutterar hadde sine spesielle riggar,
vart den norske kutteren rigga på norsk vis.
Fiskefartøy i to generasjonar
M/K Vikingen er ein representant for fiskefartøya som vart
utrusta med både segl og motor som framdriftsmiddel. Hardangerkutteren
Vikingen gjekk som fiskebåt i to generasjonar i Vågsøy i
Sogn og Fjordane, og vart nytta som fluktbåt til Skottland under
krigen. Vikingen har vore nytta til havfiske og kystfiske
på heile kysten frå Rogaland til Finnmark.
Viktige år i Vikingen si historie
- 1915:
Vikingen bygd av Lars B. Hauge i Hatlestrand, Kvinnherad.
Bygd som reisandebåt, men ferdiggjort som fiskebåt og kjøpt av
Reinhard Horn m.fl. på Raudeberg i Vågsøy, Sogn og Fjordane. Partslaget
dreiv havfiske og fiske med garn og line på hele kysten frå Rogaland
til Finnmark. Seinare vart det brukt snurpenot og snurrevad. Som
ny var Vikingen rigga som galeas og hadde ein 16 hk Volda-Hein
semidieselmotor.
- 1938:
Skroget bygd høgare, styrehuset større og det vart installert
ein 36 hk Samson semidiesel. Frå no av vert segla lite brukt.
- 1941
vart Vikingen nytta som fluktbåt til Skottland via Shetland.
Flyktningane gjekk inn i marinen og handelsflåten, medan Vikingen
vart teken over av Nortraship og sett inn i fiske.
- 1950-åra:
Partslaget selde partane i fartøyet til sine egne søner, som dreiv
Vikingen fram til 1978.
- 1979:
Vikingen seld til ein student i Bergen som skulle nytte
han som turbåt.
- 1986
Vikingen nedsøkt, og vart heva av elever ved båtbyggjarskulen
i Jondal. Same år overtok Stiftinga Hardangerjakt Vikingen.
- 1999:
Vikingen vart sjøsett etter mange års restaureringsarbeid.
Vikingen skal takast vare på i same utsjånad som han hadde
då han var ny.
|

Vikingen ferdig istandsett etter
mange års arbeid. Foto: HFS.

Vikingen som motorkutter. Foto:
Fam. Horn.

Frå istandsetjinga av Vikingen.
Foto: HFS.

Frå istandsetjinga. Foto:HFS.

Frå istandsetjinga. Foto: HFS.

Sjøsetjing av Vikingen
etter mange år med restaurering. Foto: HFS.
|