Praktisk info.
 Om museet
 Om Herdla
 Fornminne
 Herdla kyrkje
 2. verdskrigen
 Framhaldskulen
 Naturreservatet
 Biologisk stasjon
 "De Zee Ploeg"

Herdla museum, Askøy, er eit kultur,- natur- og krigshistorisk museum som vart opna i 1995. Utstillingane i museet spenner i tid frå istida og fram til i dag. Sentrale basisutstillingar er korleis Herdla vart til, Herdla fuglereservat, Herdla kyrkje og 2. verdskrigen.

Spesialutstilling om Fiske og fiskebåtar på nordre Askøy og Planter på Herdla.

I Herdla museum er 40 ulike planter i fargefoto stilte ut.

Kusymre
Kusymre. Primula vulgaris. Nøkleblomstfamilien. Dette er Hordaland sin fylkesblomst.

Tunbendel
Tunbendel. Spergularia rubra. Nellikfamilien. Tunbendelen kom truleg til Herdla i fôr til tyskarane sine hestar under 2. verdskrigen.

Strandnellik
Strandnellik. Armeria maritima. Fjørekollfamilien. Kjend strandplante.

Frå utstillinga om fiske:

 

Etter avtale får skuleklassar, grupper, lag m.fl. undervisning/ orientering. Museet har godt audiovisuelt utstyr og passar godt til kurs, seminar både på dag- og kveldstid.


Foto: Helge Haukeland.

I tillegg til ei variert utstilling vert film vist etter avtale. Skuleklassar, grupper på blåtur og andre som vil sjå Askøy bør ta kontakt i god tid slik at museet sitt personale kan ta mot sine gjester på best mogleg måte.



  © 2000-2005 Herdla museum
Til toppen
Herdla Museum