![]() |
|
|
|
Herdla naturreservatPå Herdla er det rikaste fugleområdet i Hordaland med 224 registrerte fugleartar i 2003. Det særmerkte og produktive sjø- og våtmarksområdet på Herdla førte til at eit område på 3,1 kvadratkilometer vart sett av som eit freda område i 1985 og er ein del av det 1,3 kvadratkilometer store naturreservatet som omfattar Herdlevalen og strendene rundt denne. Naturreservatet er med å gjere Herdla til eit viktig reisemål. For at publikum skal kunne få oppleve litt av det rike fuglelivet, er to observasjonshus sette opp, i Prestvika og Urdneset. I tida 15. april til 30. september er det ferdselsforbod i eit avgrensa område frå Prestvika til Urdneset.
Ærfuglen - karakterarten ved Herdla
Ærfuglen er karakterarten framfor nokon ved Herdla. Arten er å sjå her til alle årstider, men mest talrik på seinhausten og gjennom vinteren. På det meste er 2300 individ sett samstundes. Ofte samlar ærfugl frå store delar av Midt-Hordaland seg ved Herdla for å overnatte, og på føremiddagen dagen etter kan ein sjå flokkar spreie seg frå Herdla til den ytre skjærgarden såvel som meir skjerma fjordsystem. Ærfuglen si hovudnæring er blåskjel og andre muslingar, som vert henta frå havbotnen. Sjøorren
Sjøorren er ein annan art som hentar næringa si frå havbotnen. Han grev fram muslingar og skjel frå sand og finkornige massar. Etter at det i 1990 vart slutt på sandopptak frå havbotnen ved Herdla, har tala på overvintrande sjøorrar vore sterkt aukande. På det meste er det sett knapt 200 individ her, og den er såleis å rekne som ein karakterart. Ingen annan stad i Hordaland kan du sjå slike mengder av denne arten - noko som har samanheng med dei særskilte krava den set til miljøet den lever i, med blaut havbotn rik på skjel.
Gravanda
Mellom dei eldre som bur på Herdla heiter den "fagergås", men det offisielle norske namnet i dag er gravand. Denne arten er knytta til havstrender over store delar av Nord-Europa, og den grev sjølv ut ein reirgang inne i sanddyner eller moreneryggar. I Hordaland er arten sjeldan, med ein hekkebestand på berre nokre få par. 1-2 av desse para hekkar årvisst ved Herdla. Oftast vil du kunne sjå denne vakre fuglen i Prestvika, helst i perioden april - september ettersom den er ein trekkfugl.
Songlerka
Myrsnipe og andre vadefuglar
Det spesielle med Herdla er grunne havområde og sandstrender. Strendene verkar som ein magnet på mange ulike artar småvadarar, særleg om hausten. Av desse er myrsnipa den mest talrike. Til tider kan ein også sjå mengder av dvergsnipe, sandlo, enkeltbekkasin og polarsnipe - gjerne i blanda flokkar. Meir irregulært, men slett ikkje uvanleg, førekjem artar som tundrasnipe, temmincksnipe, sandløpar, fjøreplytt og steinvendar.
Av større vadefuglar er heilo, brushane, vipe og tjeld normalt dei mest talrike, forutan storspove, lappspove, tundralo og raudstilk. Vadefuglane er gjerne å sjå i fjøra når det er lågvatn, elles flyttar dei seg ofte inn på dyrka mark og i vasspyttar. Det ligg føre planar om å gjenskape ein ferskvassdam på det som i dag er dyrka mark på Herdla, for å betre tilhøva for m.a. vadefuglane her. Gjennom utstilling, film, lysbilete m.m. i Herdla museum vil du få meir informasjon om det rike fuglelivet på Herdla.
|
|
|
||
| © 2000-2005 Herdla museum | ||