Praktisk info.
 Om museet
 Om Herdla
 Fornminne
 Herdla kyrkje
 2. verdskrigen
 Framhaldskulen
 Naturreservatet
 Biologisk stasjon
 "De Zee Ploeg"

 

2. verdskrigen

"Festung Herdla"

3. mai 1940 kom dei første tyske soldatane til Herdla. Blant desse var ein geolog og ein utbyggingsspesialist. Åker og eng på den flate Valen skulle erstattast med treflakar og betong for å verte flyplass.

Modell av flyhangar   
Modell av flyhangar på Herdla.

Flyhangarar, lager, barakker, kaier, tunnelar og ei rekkje kanonstillingar vart også bygde. Ved museet stod ein 88 mm kanon, make til den som vart sett opp på same plassen i 1998. Herdla vart ei festning, - Festung Herdla.

Kart over tyske festningsverk og anlegg på Askøy og omegn i mai 1945

Alle som budde på Herdla, ca.115 menneske, måtte finne seg andre stader å bu så lenge krigen varte.

Black Friday
Måleri: Mark Postlethwaite

Fly frå Herdla var med i det største luftslaget i Noreg under 2. verdskrigen. Det fann stad fredag 9. februar 1945 i Førdefjorden i Sunnfjord mellom allierte og tyske flygarar. Bakgrunnen var eit åtak på den tyske destroyeren Z-33.

Dei allierte miste fjorten flygarar og ti fly. Tyskarane mista to flygarar og fire fly. Dei allierte kalla dagen "Black Friday." Filmen "Den svarte fredagen", som vert vist i Herdla museum, fortel om denne hendinga.

Englandsfart

Etter at tyske styrkar okkuperte Noreg i 1940, oppstod fleire etterretnings- og motstandsrørsler som ledd i frigjeringskampen. Mange måtte rømme over Nordsjøen og til Storbritannia i ulike fartøy, m.a. fiskeskøyter. Museet har ei eiga utstilling om englandsfarten.

Frå Askøy reiste følgjande skøyter:

  • "Midtøy", H 33 H, Gulbrandsøy, gjekk frå Herdla til Shetland 5. oktober 1941 med fem personar om bord.
  • "Odin", H 186 H, Fauskanger, kom til Shetland 7. september 1941 med fem personar om bord. Gjekk derifrå til Buckie i Skottland.
  • "Solhaug", H 35 A, Follese, gjekk frå Follese til Shetland 13. september 1941 med 22 personar om bord (sjå bilete)
  • "Olaf", H 91 A, Hanøy, gjekk frå Hanøy til Fraserburg i Skottland 30. juni 1941 med fire personar om bord.
  • "Nora I", H 77 H, Kjerrgarden, gjekk frå Hellesøy til Shetland 13. oktober 1941 med 18 personar. Ferda var organisert av Stein-organisasjonen.
  • "Norge I", H 7 H. Båten gjekk frå Kleppestø 8. mars 1941 med åtte personar om bord. Ved Hjelteskjæret ved Sotrabrua skulle fleire gå om bord. Dei gjekk i ei felle og vart tekne av tyske soldatar.


Dei som var med "Solhaug". I museet er fotografi og omtale av alle som reiste.

Heimreise

På ettersommaren 1945 kunne dei første av herdlafolket flytte tilbake til heimbygda si. Her var piggtråd, miner, tanksperringar, kanonstillingar, barakker, grøfter, holer og tunnelar. Mange av barakkene vart rivne og sende til Finmark. Ein del av Herdla flyplass vart bygd av plank, herdleplank, som han vart kalla. Mykje av denne planken vart etter krigen brukt som byggevirke i naust og buer.

Flesland i staden for Herdla

I 1939 låg planar klare for å byggje hovudflyplassen på Vestlandet på Herdla. Tyskarane sette i verk planane. Då krigen var slutt, vart ein snøggbåt kjøpt og flygeleiinga for Bergensområdet vart lagt til Herdla. Det vart drøfta å byggje banelengd på 2500 meter. Ei flystripe på denne storleik ville ha gått over heile Herdla. Mangel på byggemateriale, særleg sement, gjorde at Sola flyplass vart prioritert. All flytrafikk langs kysten skulle gå med sjøfly.

Planane om å byggje ut Herdla vart til slutt skrinlagde, bl.a. fordi Herdla ikkje var landfast med Bergen. Flesland vart vald til flyplass og teken i bruk 1955.

Krigsminne

Kanon   

I 1998 vart ein 88 mm kanon sett opp ved museet. Kanonen er sett opp på same staden som den som stod under krigen, og er av same type.

På Prestholmen nord for Herdla sette tyskarane m.a. opp ein lyskastar og bygde ei barakke til mannskapet. I 1999 vart denne barakka flytta frå Prestholmen og til Herdla museum som ledd i vern av eit krigsminne.

Heftet "Fra fredelig bygd til krigsskueplass", av Ole Bjørn Sælensminde, (48 s.) fortel om den tyske aktiviteten på Herdla under krigen. Heftet kostar kr 100.



  © 2000-2005 Herdla museum
Til toppen
Herdla museum