|
KALENDER
-2010-
Med atterhald om endringar
Arrangementa i samarbeid med Osterøy Folkeakademi
------------
Onsdag 17. mars kl 19.00
Ole Bull og vennene hans
Distriktsmusikarane på Voss har sett saman eit variert program
for å feire jubilanten Ole Bull. Som tittelen antydar blir det ikkje
berre Ole Bull ein får høyra på denne konserten, men også venner
og kjente. Ole Bull var jo verkeleg ein døropnar i si tid, og
gjennom han kom kulturlivet i Europa litt nærare oss her i nord.
Han er på mange måtar ein direkte link til mange av
dei største komponistane. Konserten vil gje eit bilde av kva Ole
Bull møtte på reise i Europa og også visa tradisjonane heimefrå
som han heile tida hadde med seg.
Med: Øystein Haga, fløyte, Helga Hjetland, fiolin, Karianne Stangenes Søvig, piano
og Kristine Solberg, cello.
I samarbeid med Ole Bull 2010
---------------
Onsdag 7. april 12-15
Handarbeidstreff
Prosjektleiar Trond Indahl om Ole Bull og jubileet
14 .april kl 19.00
Konsert med NOVGOROD
Gabriel Fliflet ( trekkspel,song), David Vogt (fele, song), Kristoffer Vogt (kontrabass, song) og Jørgen Sandvik (gitar song). Finsk, russisk, jødisk, nordsvensk, sigøynersk musikk.
5. mai kl 12-15
Handarbeidstreff
19. mai
Planteloppemarknad
med Osterøy hagelag
29.-30. mai
Liv i gamle stover – Ole Bull 200 år og Osterøy museum 90 år
29 mai
kl 12.00 Opning av jubileet ved Reidun Horvei og Ole Didrik Lerum
kl l3.00 Opning av utstillinga Bull i bygda
13-17 Mat-og handverksmarknad med feleverkstad
14.30 Konsertar med FelaLiv og Kammergruppa Reppen
30 mai kl 15
Mellom det heimlege og det internasjonale.
Dobbelkonsert med Håkon Høgemo og Kjersti Wiik, og Ragnhild Hemsing akkompagnert av Dimitris Kostopoulos. Pause med kaffi og kaker.
i samarbeid med Ole Bull 2010
Onsdag 2. juni kl 12-15
Handarbeidstreff
----------------------------------------------------------------------------------------
Haldne arrangement 2010
Museet fyller 90 år 19. januar
DÅ VERT DET KAKEBESØK PÅ GJERSTAD
Ope hus frå kl 12 til kl 18 (ja, så då skulle det verta tid til både å drikka formiddags- og ettermiddagskaffi?..).
Me byr på alt som skal til for eit drusteleg besøk:
God drikke som saft, te eller kaffi, og så rikeleg med kaker av alle slag, underhaldning og selskapsleikar for små og for store.
Og så reknar me med å få mange hyggelege gjester som har noko kjekt å dela med alle, som til dømes ei god historie, ein song, eit knep/kunststykke, ei kake eller rett og slett ei triveleg helsing.
I høve alle dei 90 åra er det laga ei utstilling om dei blømande kjolane i crimplene og anna stoff. Astrid Tveiten opnar utstillinga slik omtrent kl 12.15. Så går det slag i slag!
7. klasse ved Hauge skule syng for oss ca kl 12.30. Tone Kvam Thorsen syng for oss ca 16.00og opnar ettermiddagskaffiøkta
Og Handarbeidstreffet syng vel Strikkevisa!?
Velkomne!
FILM- OG KARAKVELD kl 19.30!
Onsdag 3. februar
Handarbeidstreff kl 12-15 Me ser på den nye utstillinga (Prosjektleiar Trond Indahl om Ole Bull og jubileet utsett til seinare)
Fredag 5. februar kl 19.00
Fødelsdagskonsert med fødelsdagskake for Ole Bull - 200 år! Konsert ved Kammergruppa Reppen med solistar: Ricardo Odriozola , fiolin, Jan Erik Endresen, tenor, Anton Dymkov, cello, Zsolt Anderlik, piano. Pause med kaker, kaffi og helsingar.
I samarbeid med Ole Bull 2010. Med støtte frå Osterøy kommune og Osterøy Folkeakademi
Sundag 21. februar kl 19.00 Kulturkveld Linda Fosse med program om Aslaug Låstad Lygre
Randi Andersen fortel om merkedagar i samarbeid med Osterøy Fråhaldslag
VINTERFERIE! Velkommen til kjekke ferieaktivitetar på museet! Tysdag 2. mars og fredag 5 mars mellom klokka 12 og klokka 15. Ta med nokre vaksne, det er kjekt for dei og!
O
VEV OG MUSIKK 8 MARS KL 19.00
Det vert litt av kvart å sjå og høyra på måndag 8.mars. KARI DYRDALhar arbeida sine Hyllest til Bestemor – Pyntebrikker og digital vev utstilt på museet for tida, og startar kvinnekvelden med å fortelja korleis ho tenkjer og arbeider. Kari Dyrdal er ein kjend tekstilkunstnar som mellom anna var representert på Haustutstillinga i fjor. Ho er også professor i fagområdet tekstil på Kunsthøgskulen i Bergen. Kari Dyrdal tek utgangspunkt i dei små, nærast usynlege pyntetekstilane kvinner laga, og omset det i stort og digitalt format.
Så spelar SIGRID MOLDESTAD band, med Sigbjørn Apeland - piano, Anders Hall - fele, hardingfele, Matthias Perez – 12-strengs gitar, mandola og Anders Bitustøyl – kontrabass, el-bass opp etterpå. Sigrid Moldestad er kjent for osteringar etter tidlegare besøk, mellom anna med Gabriel Fliflet. Ho har også gjeve ut plate saman med m.a. Håkon Høgemo, Gamaltnymalt (Spellemannpris 2005). Som soloartist er ho kjent for “TAUS felefortellingar” som handla om dei uvanleg mange kvinnelige spelemennene i hennar heimtrakter for 150 år sidan.
Denne konserten er del av ein turne i høve ny plate – Sandkorn – som er inspirert av både den skotske Robert Burns og vår heimlege Jakob Sande. Me vil få høyra musikk frå denne plata. Sigrid Moldestad skriv:
Sandkorn ei plate som heidrar kjærleiken, både den som gjekk fint og den du måtte forlate. Eg er ikkje så oppteken av genre, men håpar den djupe vestlandske fjorden og dei høge fjella kling i musikken. At den musikalske leiken mellom musikarar kan kjennast og dei blodraude historiene treffe hjartet… “
nsdag 3. mars kl 12-1Handarbeidstreff med utstillingsopning
l
----------------------------------------------------------------------------
Haldne arrangement 2009
Onsdag 7. januar
Handarbeidstreff 12-15Godt nytt handarbeidsår og velkommen til det første treffet i 2009!
Marta Kløve Juuhl hadde ein spennande reise til Aust-Timor sist haust, og ho deler tekstilminna sine - i tale og i bilde. Elles som vanleg dei faste postane. Handarbeidstreffet er ope for alle, velkomne!
Sundag 25. januar kl 19.00 Kulturkveld Anne- Mari Hannisdal Haga fortel om arbeidet sitt med lag og organisasjonar på Osterøy. Osterøy Munnspelorkester spelar. Kaffi og stompekaker. arr. i samarbeid med Osterøy Fråhaldslag og Osterøy Folkeakademi
Måndag 2. februar kl 19.30 OPNING AV KULTURMINNEÅRET 2009 PÅ OSTERØY
Måndag 2. februar kl. 19.30 sler me saman karakvelden på Osterøy museum med markeringa av Kulturminneåret 2009 lokalt, og inviterer alle interesserte til storslått pning ved ordførar Kari Aakre! Det vert orientert om prosjektet Kvardagsspor i landskapet, og me ser på filmen Einer og steiner. Elles vert det stompekaker og kaffi. Vel møtt! i samarbeid med Osterøy museumslag
Kilometermerke i Hansdalsvegen
Onsdag 4. februar kl 12-15 Handarbeidstreff om korleis ein lagar roggeband
Sundag 15 februar kl 16.00 endeleg tid for den store Museumsbasaren!!
med åresalg, litt underhaldning og stort kakebord arr. Osterøy museumslag
Onsdag 3. mars kl 12.00 Handarbeidstreff
Vinterferie og skulefri!Kjekke aktivitetar for store og småtysdag 3. torsdag 5 og fredag 6. mars 12-15Fredag - toving!
8. mars kl 19.00 EIT HJERTESUKK OVER GØYMDE OG GLØYMDE TEKSTILAR
Tradisjonen tru vert den internasjonale kvinnedagen markert på museet også i år. Søndag 8. mars kl 19.00 stiller Marta Kløve Juuhl med eit lysbildekåseri der ho tek for seg ein viktig del av kulturarven vår - tekstilane. Med utgangspunkt i svært ulike tekstilar, religiøse og verdslege, gamle og nyare kopiar, vil ho gjera greie for bakgrunnen for hjertesukka: Tekstilar er som regel laga av kyndige, men gjerne namnlause kvinner. Tekstilar er meir forgjengeleg enn mykje anna materiale, men vert dei tekne like godt vare på som andre ting ting som interesserer seg for?
Det kan verta ein spennande kveld! Me trekkjer kaffi og te - ta gjerne med deg noko å halda i fingrane og putta i munnen. Velkomne alle også menn!
Onsdag 25. mars kl 19.30 Årsmøte Osterøy museumslag VELKOMMEN!
Onsdag 1. april kl 12.00 Handarbeidstreff Kjøkkentekstilar
Laurdag 18. april kl 10.00 Osterøy museumslag skipar til Inspirasjonsvandring Votlo-Hausberg
SØNDAG, 19. APRIL 2009, WORKSHOP & KONSERTOSTERØY MUSEUM
Osterøy Spel Og Dansarlag og Osterøy museum har invitert folkemusikkgruppa NorthAtlantic til konsert på Osterøy museum, søndag 19. april 2009 klokka 19.00.
På konserten deltar felegruppa FelaLiv frå OSDL. FelaLiv jobbar for tida med eit spanande folkemusikkarrangement, som er komponert for 5 ulike stemmer. Dette er
nytt, uvant og krevjande.
NorthAtlantic (Nord Atlantisk) er ei nystarta folkemusikkgruppe med profesjonelle folkemusikkutøvarar. Gruppa består av: Olav Tveitane (gitar), Kevin Henderson (fele), Annika Westgård (fele\hardingfele\song og Trent Bruner (piano).
I forkant av konserten vert det arrangert workshop med NordAtlantisk. Ta turen til Osterøy og opplev eit flott kurs i gamle koselege og intime stover på museet! Garantert ei oppleving
HANDARBEIDSTREFF OG KJØKENTEKSTILAR. Onsdag 13. mai kl 12-15
Handarbeidstreffet på Osterøy museum er nærast ein motor i utstillingsverksemda på museet, og har jamleg og mest alltid klar ei ønskjeliste over tema som kan vera verd å ta opp. Og det er ikkje nok med det; damene på handarbeidstreffet stiller også med det som kan og bør visast fram! Så også denne gongen. Kva høver betre å hengja på veggen enn nokre av kvardagslivets kulturminne – kjøkentekstilar.
No er utstillinga ferdig, og den tjuvopnar me 13 mai, lenge før Liv i gamle stover, og berre ei veke etter planen! I tillegg til ei lita markering vert det song og kaffi, prat og handarbeid. Treffet er ope for alle aldrar!
Tysdag 19. mai kl 10 Møte i arkivnettet Hordaland
---------------
Osterøy Bondelag, Osterøy Bygdekvinnelag, Osterøy Fjordhestlag, Osterøy Husflidslag, Osterøy museumslag, Osterøy museum, Osterøy Mållag, Osterøy Spel- og dansarlag og Osterøy Veteranbrannbilklubb ønskjer
Velkommen til LIV I GAMLE STOVER 2 4 . MAI 2009 på Osterøy museum, Gjerstad
12.00 Osterøy Musikkskule barnekor syng. Opning ved professor Nils Georg Brekke.
Sommarutstillingane opna av Torill Eidsheim 12.30 Husimellom – ei vandring med namn og nemne. Svein Hatløy og Rune Revheim Pilfletting for store og små og all slags spøt, hesteskyss og riding, dyr å sjå og klappa på Osterøy veteranbrannbilklubb byr på småturar med brannbilar
kl 14.00 Konsert Lars Vevle, euphonium og Liv Skoglund, piano 14.00 Lesestund for dei aller minste 14.15 Lesestund for dei litt større Sommarutstillingar: Kvardagsspor i landskapet: Solbjørgstova Ingunn Mjelde: Bildeutstilling i hovedbygget Kjøkentekstilar: I hovedbygget Buskspel ved Osterøy spel og Dansarlag Narumol Hannisdal m.fl. Mat frå Thailand Sal av mat/drikke i bu og hovudbygg frå klokka 12.30. Prisar: Vaksne: Kr. 100,- born under 16 år gratis.
Jubileumstur til Nonnåsgruvene onsdag 3. juni kl 18.00
Osterøy museumslag er 10 år onsdag 3. juni, og dette vil me feira med ein fottur til Nonnåsgruvene. Gunnar Røsland vert med oss som omvisar. Me møter opp på Geitrheim kl. 18.00. Ta gjerne med litt mat og drikke. Alle som ynskjer å vera med er hjarteleg velkomne!
Sundag 7. juni kl.13.00 Møte i Vevnettverket på Osterøy museum. Tekstilt foredrag med bilete frå ein tur til Aust-Timor.
Marta Kløve Juuhl var på Aust-Timor i november 08 saman med representantar for Nettverk for Øst-Timors kvinner i Bergen. Ho var invitert av Alola Foundation, nettverket sin samarbeidspartnar der for å halda ein Master Class i veving.
Ho møtte vevarar frå heile landet. Dei brukar berre ryggbandsvevar, og har svært mykje ikat i tekstilane sine. Dette viser ho ein heil del bilete av, i tillegg til at ho har med seg ein del tekstilar som er råd å sjå på og få ta i.
Måndag 8. juni kl 19.30 Stadnamnmøte Ole Jørgen Johannessen og Kjell Steinbru frå Universitetet i Bergen gjev råd og rettleiing for arbeidet som er i gang, og svarar på spørsmål.
Onsdag 10. juni kl 12 Handarbeidstreff sommarmøte
Onsdag 10. juni kl 19.30 Konsert med trioen "Pål Olles Väg" Anders Bjernulf - fele; Lars-Gunnar Björklund - trekkspel og Pers Hans Erik Ollson -fele.
Tysdag 4. august 12-15 Velkomne til kjekk aktivitetsdag for born i alle aldrar
Onsdag 5. august 12-15 Handarbeidstreff
Tysdag 11. august Aktivitetsdag for born 12-15
Laurdag 29. august kl 11.00 Tekstiltreff EIT HJERTESUKK OVER GØYMDE OG GLØYMDE TEKSTILAR ved Marta Kløve Juuhl i samarbeid med Osterøy Folkeakademi
Onsdag 2. september 12-15 Handarbeidstreff Audhild Skogan
Musikalen TROLLDOM!!
fredag 4. september kl 20.30; laurdag 5. september kl 18.00 og kl 21.00 i tunet på Gjerstad
Open dag i Koppen
Laurdag 12. september kl 11-13
Open dag i Koppen, ein spennande gard med mange og tydelege spor etter den gamle jordbruksdrifta før moderniseringa. Arr. Osterøy museumslag.
Ope hus i Mjedlasmia
Laurdag 12. september kl 13-15
Ope hus i Mjedlasmiapå Haus, ei bygdesmie frå 1920-åra. Demonstrasjon. Arr. Mjedlasmias Vener
Sundag 13. september
Kulturminnedag
med opne dører og vandring på Gjerstad
Sundag 20. september kl 19.30 FOLKEMUSIKKKONSERT MED GRUPPA LUDO
Åsmund Espeland gitarar
Steinar Rygg fele og hardingfele
Magne Thormodsæter kontrabass
Ludo vart til i 2003 etter at Åsmund skulle skriva hovudfagsoppgåve om folkemusikkopplæring. Då trong han kontakt med ein hardingfelelærar og slik oppsto samarbeidet med Steinar. Bassisten Magne kom med litt seinare og så vart dei ei gruppe. Dei spelar folkemusikk frå Noreg sjølvsagt, men også frå Balkan. Dei er også i gang med å gje ut si første plate.
Konserten er støtta av Hordaland fylkeskommune og Fond for utøvande kunstnere.
I samarbeid med Osterøy Folkeakademi
Onsdag 30. september kl 19.30 Musikkuttrykk på vandring
EIN KONSERT UTANOM DET VANLEGE I HØVE KULTURMINNEÅRET
I høve kulturminneåret vil Distriktsmusikarane på Voss halda ein konsert på Osterøy museum som dei har kalla Musikkuttrykk på vandring.
Gjennom alle tider har song og spel vorte herma etter og gjentatt, og slik har me fått ein naturleg variasjon og foredling av musikalske ytringar både opp igjennom historia, og på tvers av geografiske landegrenser. Folkemusikk er blitt til klassisk musikk eller jazz, og klassisk musikk er blitt til pop og rock. I nyare tid har musikkuttrykka vandra vidare inn i ulike former for media, og endå vidare inn i våre automatiske og digitaliserte hjelpemiddel.
Distriktsmusikarane på Voss har fleire gonger tidlegare gjesta Osterøy museum, både saman med kunsthistorieprofessor Gunnar Danbolt og med forfattaren Tomas Espedal. Denne gongen vil dei opptre åleine, men dei har fått med seg Elvis Presley som ein special guest star på eitt av musikkstykka sine. Dei har også med seg ein del bøker og kanskje eit par maleri, så inspirasjonen frå samarbeidet med Danbolt og Espedal er tydelegvis framleis til stades. Dessutan har to av dei vore ein tur på loftet og henta fram dei gamle speledåsane sine. Dermed skulle det vera duka for ein heilt spesiell konsert på Osterøy museum onsdag 30.september, med musikk av Arne Anderdal, L.M. Lindemann, Grieg, Mørk Karlsen, Mozart, Jan Johanson, Bach, Ian Anderson, Händel, Elvis, Brahms og Debussy i ein herleg og vill blanding.
Øystein Haga - fløyte, Helga Hjetland - fiolin, Karianne Stangenes Søvig - piano og Kristine Solberg - cello. Arr. i samarbeid med Osterøy Folkeakademi.
I samarbeid med Osterøy Folkeakademi
Vaksne 150 Born 50
Onsdag 7. oktober 12-15 Handarbeidstreff med sprang
På oktobertreffet er temaet vårt SPRANG. Sprang er ein tekstilteknikk som kanskje har vore betre kjent her på våre kantar i tidlegare tidlegare. På Tegle på Jæren fann dei mellom anna ein sokk laga i sprangteknikk. Funna er kring 1600 år gamle.
Bjørg Njå frå Jæren interesserer seg for ulike handarbeidsteknikkar, og fekk sansen for sprang, som også vert kalla å bregda. Såpass sterk vart interessa at ho etter ei tid gav seg i kast med å kopiera Teglefunna. Og som kjent kan enkel reiskap skapa kunstverk. Bak alt dette arbeidet ligg ønskje om å ta vare på handverkstradisjonar, som er ein viktig del av historia vår.
Bjørg Njå kjem på handarbeidstreffet på Osterøy museum og vil både fortelja og demonstrera. Elles vert det som vanleg faste postar - hyggelege møte, kaffi og stompekake, strikkevise og godt handarbeid. Me startar klokka 12 og driv på til kl 15.
Vel møtt til alle!
Haustferie på museet! Velkommen til kjekke dagar på museet tysdag 6. oktober torsdag 8. oktober og fredag 9. oktober 12-15
Måndag 12. oktober kl 19.30 Museum og lokalsamfunn ved Anne-Mari Hannisdal HagaDet er eit naturleg emne dette, å studera museum og lokalsamfunn, når ein berre kjem på at ein skal gjera det. Det har altså Anne-Mari Hannisdal Haga gjort. Ho tok mastergraden i kulturvitskap ved Universitetet i Bergen for vel eit år sidan nettopp på temaet museum og lokalsamfunn. Anne-Mari har halde seg til det heimlege museet, og ser på kva som særmerker forholdet mellom akkurat dette museet og lokalsamfunnet rundt. Og for oss lokalt er det av stor interesse å vita kva ho fann ut om ostringane sitt forhold til museet sitt.
Onsdag 4. november 12-15 Handarbeidstreff
Onsdag 2. desember 12-15 Handarbeidstreff
ADVENTSSUNDAG, JULEVERKSTAD, LUSSENATT OG…. Sundag 13. desember kl 16.00 er det adventssundag på Osterøy museum. Me byr på arbeid og moro, og litt spenning. Juleverkstad med gamaldagse korger, kremmarhus og laaange lenkjer. Julegåver av ull, halm eller noko anna. Peparkake og havremjølsgraut, og så tenkjer me på Lussenatta den gongen ho var så lang som to netter, og då mangt kunne henda. Me avsluttar som vanleg med ein spennande tur i gamletunet med lykter og lys, og noko underjordisk! Velkomne alle av alle aldrar! Helsing Osterøy Husflidslag og Osterøy museum
-------------------------------------------------------------------------------------------------------
Haldne arrangement 2008
9. januar Handarbeidstreff
Tysdag 22. januar kl 19.30, Konsert med TINDRA. Folkesongaren Åshild Vetrhus, felespelar Jorun Marie Rypdal Kvernberg og akkordeonist Irene Tillung utgjer gruppa TINDRA, med musikk som spenner frå tradisjonelle songar og slåttar i eigne arrangement, til eigenkomponerte låtar med tekstar av ulike norske lyrikarar m.a. Jan Magnus Bruheim og Ragnar Hovland, alt ikledd ei folkemusikalsk drakt. Det handlar mellom anna om geiter, friarar, ein forelska trast og eit elska fjell. Trioen formidlar det norske folkemusikkspråket med fantasifulle arrangement i spennet mellom det vare, kjensleladde og det sprudlande, energiske.
i samarbeid med Osterøy folkeakademi, Osterøy museumslag, Osterøy spel- og dansarlag
Måndag 28. januar kl 19.30 Registrering av eldre og nyare kulturminne
Orienteringsmøte med fylkeskonservator per Morten Ekrhovd, avdelingsarkitekt Gunnbjørg Austrheim, arkeolog Arnulf Østerdal og fylkesarkivar Egil Nysæter
Sundag 3. februar kl 19.00 Kulturkveld med songar og kvedar Linda Røyseth og bygdebokforfattar Geir Kleiveland Sal av kaffi og stompekaker arr. Osterøy Fråhaldslag
Onsdag 6. februar 12-15 Handarbeidstreff Med faste postar
Måndag 11. februar kl 19.30 Besøk hjå Ytre Arna historielag sine utstillingar
Kortesje frå Kvisti bru 19.15 for dei som treng hjelp til å finna fram arr. Osterøy museumslag
Tysdag 19. onsdag 20. og torsdag 21. februar Kjekke vinteraktivitetar med ull og tråd og meir til. Frå kl 12-15
Onsdag 5. mars kl 12.00 Handarbeidstreff med faste postar
Onsdag 26. mars kl 19.30 Årsmøte i Osterøy museumslag
Onsdag 2. april kl 12.00 Handarbeidstreff
Laurdag 19. april kl 10.00 Registrering av kulturminne på Daltveit
i samarbeid med Osterøy museumslag
Onsdag 7. mai kl 18.00. Plantar og farger på museet! Planteloppemarknad, Kaffiøkt,Foredrag av professor Øyvind Andersen om fargestoff i naturen og deira tyding i samband med mat og helse.
I samarbeid med Hageselskapet Osterøy og Osterøy Folkeakademi
Søndag 25. mai Liv og mangfald i gamle stover. 12.00 Opning ved Kjartan Rødland, Musikk: Osterøy Janitsjar Kjellaug Vatle opnar sommarutstillinga
13.00-16.00 Aktivitetar for store og små: Salmakar i arbeid, blåfarging av garn, ullarbeid, m.m
Spesielt for born: ri eller køyra med hest og vogn, kasta hestesko, laga seljefløyte, sjå på koselege dyr, laga kjekke ting i arbeidsstove, høyra på forteljingar, prøva styltrer, Buskspel inne og ute, Mat frå Thailand og frå Osterøy, Lerøy Fossen røykjer fisk på gamlemåten. Smaksprøver og sal
Levande dyr og Veteranbilar ved Bergen Veteranvogn-Klubb
1 4.30 "To hardingar i hundre” Om Olav H. Hauge og Geirr Tveitt. Konsert-foredrag av Reidar Storaas med Geir Botnen ved klaveret.
15.00 Lesestund for dei aller minste, 15.15 Lesestund for dei litt større
Prisar: Vaksne: Kr. 100,- born under 16 år gratis.
Arrangørar:
Osterøy Bondelag Osterøy Bygdekvinnelag, Osterøy Fjordhestlag, Osterøy Husflidslag,
Osterøy museumslag, Osterøy museum, Osterøy Mållag, Osterøy Spel- og dansarlag
Onsdag 4. juni kl 12.00 Handarbeidstreff Me ser på dei nye utstillingane og et fiskesuppe, men det vert også tid til handarbeid!
Søndag 8. juni kl 19.30 LARELI!
Konsert med Sigrid Moldestad og Gabriell Fliflet i samarbeid med Osterøy Folkeakademi
Måndag 9. juni kl 18.00 Museumslagstur til Meltvik Me møtest på Tysse klokka 18. Olav Meltvik fortel om Tysse før me dreg vidare til Meltvik. Arr. Osterøy museumslag
6. august 12-15 Aktivitetsdag for born
12. august 12-15 Aktivitetsdag for born
-
Fredag 5. september kl 21.00 Nypremiere !!Trolldom- ein musikal nattførestilling spesielt for barn
Laurdag 6. september kl 16.00 og 21.00 Trolldom, ettermiddags- og nattførestilling
Onsdag 10. september kl 12 og kl 18 Handarbeidstreff og ettermiddagstreff KRUNEBRUR PÅ MUSEUMSBESØK
10. september kl 12 og kl 18. Bunadsnemnda i Nordhordland har lenge arbeidd med å laga godt og vakkert brureutstyr til gleda for oss alle! No er dei i mål komne, også "kruna på verket" brurekruna er ferdig.
Ranveig Reigstad m.fl frå Bunadsnemnda tek brura med seg til Osterøy museum onsdag 10. september. Ho vil først presentera henne for Handarbeidstreffet kl 12, som elles vil ha sine faste postar attåt. For dei som ikkje har høve til å stilla på dagtid vert det ei ny økt kl 18.00. Me får også sjå grøntrøyedrakta deira denne dagen.Det vert høve til å få seg kaffi og stompekake.
Velkommen!
Søndag 14. september kl 12.30
Velkommen til ei vandring i gardslandskapet!
Kulturstien på Gjerstad offisielt opna av Helge Andre Njåstad, leiar i kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune
Vandring med sterkt fagleg og musikalsk følgje, og litt å bita i.
22.september kl 19.30
Stadnamninnsamling på Osterøy
ope kurs ved Ole-Jørgen Johannessen, UiB
Haustferie på museet Tysdag 30 september, tosdag 2 oktober og fredag 3 oktober vert det ekstra kjekt å vera på museet, mellom 12-15. Og kva skal me finna på, lurar du? Tja kanskje det vert litt ull, kanskje litt leire, heilt sikkert noko av mjøl!Ta med deg ei bestemor eller ein pappa og ver velkommen!
Onsdag 1. oktober kl 12 Handarbeidstreff Hausten er komen, med kortare dagar og mørke kveldar. Om ikkje før så har mange no etterkvart funne fram handarbeidet. Og handarbeid er tema for dette treffet, og nærare bestemt GLEDA ved handarbeid. Else Karin Bysheim Tysse deler sine opplevingar med handarbeid med oss alle! Som vanleg vert det faste postar. Handarbeidstreffet er ope for alle! Vel møtt!
Laurdag 18. oktober kl 16.00 Ettermiddagskonsert
( fele, hardingfele, gitar, sang) Amy Geddes (fele, sang), Sarah Roberts (gitar, sang) og Anne Sofie Linge Valdal (fløyter, sang, bodhrán).
Torsdag 30. oktober kl 19.30 Forfattaren Tomas Espedal og Distriktsmusikarane på Voss kjem til Osterøy museum torsdag 30. oktober kl 19.30. Espedal les frå boka Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv (m.a. turen over Osterøy) med tonefølgje av: Øystein Haga - fløyte, Gunn - Berit Kleiveland - cello og Karianne Stangenes Søvig – piano.
I samarbeid med Osterøy Folkeakademi og med støtte frå Sparebanken Vest, Osterøy Entreprenør AS, Tysse Mek Verksted AS, Borge Garveri AS, Helge Rød AS, Jon Solberg AS, og Palle Karm og Kassefabrikk AS. Billett kr 100/50
-Onsdag 5. november kl 12
Handarbeidstreff med noko attåt
Onsdag 12. november 19.30 Konsert med gruppa Fribo Anne Sofie Linge Valdal (fløyter, sang, bodhrán), Ewan MacPherson (gitar/mandolin/song/jødisk harpe) og Sarah-Jane Summers (fele/song).
Gruppa har allereie utmerka seg for publikum såvel som promotorar og presse i både Noreg og Skottland med grunnleggjande og nyskapande musikk. Gruppa har bl.a. fått terningkast 5 i Aftenposten og strålande kritikkar i mange musikkmagasin i Skottland, samt England, Amerika, Australia, Danmark, Belgia og Tyskland. Og så kjem dei til Osterøy!
I samarbeid med Osterøy Folkeakademi
FelaLiv møter Os kammerkor Frå Noreg til Nord-Europa Sundag 16. november kl 19 på Osterøy museum Kafe Vaksne 100 Pensjonistar og born under 16 år 50. Arr. Osterøy spel- og dansarlag
Onsdag 3. desember kl 12 Julehandarbeidstreff
Adventssundag 14 desember kl 16.00Me lagar julepynt og julegaver, bakar kaker, kokar graut og avsluttar med kveldsvandring i tunet.
I samarbeid med Osterøy Husflidslag
-
-----------------------------------------------------------------------------------------------------
Haldne arrangement 2007
VELKOMNE TIL FØRSTE HANDARBEIDSTREFF I 2007 Onsdag 10. januar Faste postar og noko attåt 12-15
Måndag 22. januar kl 19.00 Fotodokumentasjon - korleis ta vare på og formidla foto i lagsarbeidet? ved fotoarkivar Anne Aune, Hordaland Fylkesarkiv
Søndag 28. januar kl 19.00 Kulturkveld i lag med Osterøy Fråhaldslag Håkon Høgemo spelar. Opplesing ved Kjell Bjørsvik. Kaffi og stompekaker
Onsdag 7. februar Handarbeidstreff 12-15 førstekonservator Anne Britt Ylvisåker fortel om strikkeåret. Strikkeringen Spøt på vert lagt opp
Søndag 11. februar kl 15.00 Velkommen til god gamaldags basar Med åresal, flotte heimelaga gevinstar, barnegevinstar, underhaldning, trekning på bok, bugnande kakebord. arr. Osterøy museumslag
Måndag 19. februar kl 19.00 Bruk av digitalarkivet ved statsarkivar Yngve Nedrebø. arr. Osterøymuseumslag
Tysdag 27. februar, onsdag 28. februar, fredag 2. mars 12-15 Kjekke vinterferieaktivitar for store og små strikk, toving, mat, trearbeid
Onsdag 7. mars Handarbeidstreff Fellestur til utstillinga "Arvegods" på Vestlandske Kunstindustrimuseum. Frammøte på Vestlandske Kunstindustrimuseum kl 13.00. Påmelding til Osterøy museum.
Torsdag 8. mars kl 19.00 Kvinner og organisasjonsliv - syklubb eller samfunnsnytte? ved Anne-Mari Hannisdal Haga
Onsdag 18. april 12-15 Handarbeidstreff
Onsdag 2. mai 12-15 Handarbeidstreff
LIV I GAMLE STOVER SUNDAG 20 MAI
12.00 Opning ved Helge Jordal. Grendakoret syng. Sommarutstillingane vert opna.
13.00-16.00 Aktivitetar: Mang slags arbeid med ull, smiing i jern, spikkebu og arbeid i tre, baking, riding på hest, køyring med hest, buskspel, m.m. Lerøy Fossen røykjer fisk på gamlemåten.
14.30 "Den fyrste song eg høyra fekk..” Leif Vatle fortel om Per Sivle. Kristine Antun og Solveig Lone syng.
15.00 Lesestund for dei minste
Sommarutstillingar: Liv Jorunn Skjold: Maleriutstilling; Evelyn Lillestøl Hauso: Portrett – skulpturelle enheter i kobbertråd.
Arrangørar: Osterøy Bygdekvinnelag, Osterøy Fjordhestlag, Osterøy Husflidslag, Osterøy museumslag, Osterøy Mållag, Osterøy Spel- og dansarlag, Osterøy museum
Onsdag 6. juni 12-15 Handarbeidstreff med rømmekolle og spekemat
Laurdag 16. juni kl 16.00 og kl 23.00, sundag 17. juni kl 16.00.
Familiemusikalen TROLLDOM
vert vist i museumstunetSpennande forestilling med dramatikk og humør, mange små og store aktørar, flott musikk og til og med ei levande geit! Nattforestilling spesielt for born.
Skuleforestilling måndag 18. juni kl 10.00
Onsdag 15. august kl 12.00 Handarbeidstreff Jan Spurkeland kjem på besøk med Spøt-Olina
Syngande hav-valsar, friske hamborgarar, ubegripelege drikkeviser og andre vestlandske herligheiter, og små avstikkarar til vâre svenske valsar og til duvande rilar frå Shetland….
Velkommen til konsert med Gabriel Fliflet og Sigrid Moldestad på Osterøy museum tysdag 28.08 kl 19.30.
Konserten er i samarbeid med Osterøy Folkeakademi, Osterøy museumslag og Osterøy spel- og dansarlag
I samarbeid med Kystsogevekene
Måndag 17. september kl 19.30 Karakveld med hud og hår! Ola Borge fortel om garveriverksemda på Osterøy Arrangør: Osterøy museumslag
Tysdag 2.10, torsdag 4.10 og fredag 5.10.12-15 Haustferie på museet
Kjekke feriedagar med tre og ull
Tysdag 9. oktober kl 19.30Nasjonalromantikken i ord og tonarved professor Gunnar Danbolt og
Distriktsmusikarane på Voss: Øystein Haga - fløyte, Helga Hjetland -fiolin, Gunn Berit Kleiveland - cello, Karianne Stangenes Søvig - piano spelar verk av Edvard Grieg, Ole Bull, Johan Halvorsen m.fl.
i samarbeid med Osterøy Folkeakademi, støtta av: Sparebanken Vest, Nordea Bank Norge, Bergan Bygg, Hordaland Miljørens AS, Systemtrafikk, Jon Solberg AS, Rasken Transport A/S, Helgesen Tekniske-Bygg AS
Onsdag 10. oktober kl 12.00 Handarbeidstreff med noko attåt.
Onsdag 31. oktober kl 19.00 Djup jord
Ei vakker og gripande forteljing framført med folkesongar og folkemusikk frå Hordaland. Bygd på Jens Tvedt sin roman om prestedottera som forelska seg i gardsdrengen. Tilrettelagt av Johanne Øvstebø Tvedten. Folkesongar: Reidun Horvei På hardingfele: Frank H. Rolland og Einar Mjølsnes. Forteljar: Johanne Øvstebø Tvedten.
Onsdag 7. november kl 12.00 Handarbeidstreff med fårikål
Søndag 11. november kl 19.00 Haldis Reigstad fortel og les dikt. Tonefølgje ved Asle Reigstad, trompet og Kari Reigstad klaver.
Onsdag 5. desember kl 12.00 Julehandarbeidstreff
Søndag 16. desember kl 16.00 Adventssøndag i samarbeid med Osterøy Husflidslag
Fredag 28. desember kl 18.00 Romjulskonsert. Osterøy spel- og dansarlag inviterar til romjulskonsert med variert program. Gratis inngang!
_______________________________________________________
Haldne arrangement 2006
Laurdag 7. januar kl 20 Eldbjørgskvelden i merkjedagstradisjonen ved Jostein Mykletun. Ta med julerestar!
Onsdag 11. januar Handarbeidstreff 12-15
Onsdag 1. februar Handarbeidstreff 12-15
Måndag 6. februar kl 19.00 Lags- og organisasjonsarbeid på Osterøy: Korleis skapa og ta vare på
vår eiga historie? ved fotoarkivar Anne Aune og fylkesarkivar Egil Nysæter
Fredag 10 februar kl 19.00 Songar-jam og allsong med Osterøykoret og Grendakoret
Måndag 13. februar kl 19.00 Godbitar frå bygdebokarbeidet ved Geir Kleiveland arr. Osterøy museumslag
Måndag 27 og tysdag 28 februar, og fredag 3. mars. Kjekke vinterferieaktivitetar for store og
små: Toving, spikking m.m kl 12-15.
Onsdag 8. mars Handarbeidstreff 12-15 Bunader og folkedrakter med særleg vekt på broderi ved Brita Tveite, Voss Folkemuseum
Onsdag 8. mars kl 19.00 "Frå høns til hands" Ei høgst overflatisk studie av osterøykvinna før og no ved Gunnlaug Binningsbø
Onsdag 5. april Handarbeidstreff og utstillingsopning 12-15Utstillinga Grytelappar opnar 12.30
LAURDAG 22. APRIL - FRÅ JERNALDER TIL DATAALDER - OSTERØY MUSEUMSLAG ber inn til ein spennande heildag – eller halvdag om du vil - på Gjerstad laurdag 22. april.
Mellom 11-14 er det dugnad på kultursti på Gjerstad. Dei gamle røysane – eller er det berre ei svær røys? - øvst på Vellene skal ryddast denne dagen. Dei er vanskelege å sjå slik dei ligg no, kledd i tett, men småvaksen skog. Det skal verta spennande å sjå korleis det vert når krattet vert vekke! Greiner, kvist og kvas skal me bruka til å gjera stiane betre å gå på, så her vert arbeid for alle! Med oss på laget vert arkeolog som passar på at me ikkje gjer skade. Har du ikkje vore med på å rydda kring freda kulturminne før, så nytt høvet! Dugnadsmat kan påreknast! Ta gjerne med sag og ryddesaks!
Etter dugnaden er det tid for kurset ”Om Digitalarkivet og bruken av det” som vert halde på museet mellom kl 15 til kl 18. Digitalarkivet på internett inneheld ein mengde informasjon om folk og fe i tidlegare tider, og me er mange etter kvart som brukar denne viktige kjelda til å leita etter til dømes slekta. Men korleis skal me ha full nytte av dette? Statsarkivar Yngve Nedrebø frå Statsarkivet i Bergen er ekspert på emnet, og er kjent for aktiv bruk av internett i formidlinga til allmenta. Me reknar med at det vert både kjekt og lærerikt!
Kurset er gratis. Det vert høve til å kjøpa mat og kaffi. Ta gjerne med deg eiga maskin, den kan du setja frå deg på museet før du går på dugnaden!
Onsdag 3. mai HANDARBEIDSTREFF ONSDAG 3. MAI – OM KYRKJETEKSTILAR
Martha Kløve Juuhl vil fortelja om arbeidet sitt – og kyrkjetekstilar. Martha Kløve Juuhl har god røynsle frå arbeidet med slike spesielle tekstilar. Ho er vevar og gjennom samarbeider med kunstnarar omset ho kunstnarar sine teikningar og idear til prydelege kyrkjelege klede. Martha Kløve Juuhl har hatt fleire oppdrag for kyrkjer, og fortel om prosessen som ligg bak ein ny messehakel. Ho har mellom anna vove Hamre kyrkje sin messehakel, som har vorte vist til også andre stader enn Osterøy. Me får sjå bilete - og me får ta på prøvelappar.
Elles dei faste postane – kaffi, prat, strikkevise og hyggeleg samver. Alle er hjarteleg velkomne! Me tek til kl 12 og er ferdige kl 15.
Laurdag 20 mai

Søndag 21. mai Osterøy Bondelag, Osterøy Bygdekvinnelag, Osterøy Fjordhestlag, Osterøy husflidslag, Osterøy museumslag, Osterøy Spel- og dansarlag saman med Osterøy museum ønskjer Velkommen til LIV OG MEIR TIL I GAMLE STOVER 21. MAI 2006 på Osterøy museum, Gjerstad
13.00Opning ved Wigdis Espeland, Osterøykoret syng, Sverre Kallekleiv deklamerar
14.00-17.00 Aktivitetar Husflid, Spåkoner,
Skyss med hest og kjerre,
Dyr å sjå på
14.30 "I djupe skogar og mørke hav" Om dei siste trolla på Osterøy, den vesle Marmælen og meir til…. Spennande forteljarstund med Marianne Stenerud og Sindre Titlestad Westgård – i Revheimstova
15.30 Trollstemt konsert, Spel- og dansarlaget – i tunet
Utstillingar:
Landskapet her heime..Fotoutstilling av elevar ved Osterøy vidaregåande skule, og Brit Aase.
Drakter i nye takter – Ei gjenbruksutstilling Else Karin T. Bysheim og Mona Nordaas i Sølbjørstova
Brakje – Osterøyplanten på loftet i Revheimstova
Grytelappar!
Vaksne: Kr. 75,- born under 16 år gratis. Sal av mat/drikke frå klokka 14 00
Klokka 17.00 startar musikalen TRolldom i tunet – eige arrangement
Onsdag 14. juni Handarbeidstreff 12-15 Blåfargeonsdag med sild og pote...
Onsdag 12. juli Spikkedag for store og små - med noko attåt 12-15
Onsdag 26. juli 12-15 Spikkedag for store og små - med noko attåt
Tysdag 5 . september kl 18.00 Korkafè
med "Kor for ikkje"
i samarbeid med Kulturdagane på Osterøy og Kystsogevekene
Onsdag 6. september Handarbeidstreff 12-15
Torsdag 7. september kl 19.00 Fotokveld med gamle bilde i samarbeid med Kulturdagane på Osterøy og Kystsogevekene
Laurdag 9. september 14-16 Gamaldagse leikar for store og små i samarbeid med Kulturdagane på Osterøy og Kystsogevekene
Sundag 10 september Kulturminnedag Opning av utstillinga "Nokon kjem og nokon dreg.." Kulturløype med m.a. omvising i Hamre kyrkje, Havrå, Mjedlasmia, Gjerstad Låsefabrikk og Treskoskoverkstaden i Hosanger.
Tysdag 12. september kl 19 Fjordalangs - ein kabaret vedFotlandsvåg musikklag
Sundag 24. september kl 11 Museumslagstur til Tveitane/Åsheim. Frammøte ved Kyrkjegarden arr. Osterøy museumslag
Tysdag 26 september kl 19.00 Arkiv etter lokale lag og organisasjonar - kva skal me med dei? ved Bjørn Bering, leiar for privatarkivavdelinga hjå Riksarkivaren.
Laurdag 30. september kl 10.30 Dugnad på kulturstien på Gjerstad. arr. Osterøy museumslag Haustferie Kjekke haustferieaktivitetar 3.,5. og 6. oktober 12-15
Onsdag 11. oktober Handarbeidstreff 12-15 Førebuing av utstillinga "Tapte draumar"
Laurdag 14. oktober Dugnad på Kulturstien10.30-15
Måndag 16. oktober kl 19.00 Praktisk arkivarbeid i kvardagen ved Egil Nysæter Fylkesarkivet i Hordaland i samarbeid med Folkeakademiet
Onsdag 1. november Handarbeidstreff 12-15
Onsdag 22. november kl 19 Impresjonismen i tonar og bilde Med professor Gunnar Danbolt og Distriktsmusikarane Øystein Haga fløyte, Hans Olav Hjetland fiolin, Gunn Berit Kalland cello, Karianne Stangnes Søvik piano. i samarbeid med Osterøy Folkeakademi. Arrangementet er støtta av Sparebanken Vest, Haga Trafikkskule, Magnus Thunestvedt AS, Borge garveri AS, Systemtrafikk og Osterøy Entreprenør AS
Laurdag 25 november kl 11.00 For lag og organisasjonar på Osterøy:Korleis laga heimeside? Me startar med ei lita bloggside før me går over til ei enkel heimeside. Ta med datamaskin. Hugs påmelding!
Måndag 27. november19.30. Karakveld om Ytre Arna Johannes Nævdal fortel frå Ytre Arna, og vising av film teken opp på Festtangen i 1950-åra. Damer er hjarteleg velkomne på karakveldane! Osterøy museumslag arrangerar
Onsdag 29. oktober kl 18 Haustkveld og mimrestund for Trolldomsfolk. Me ser på video og bilde.
Onsdag 6. desember Handarbeidstreff - Julekakemøte 12-15. Kari Hauge opnar utstillinga "Tapte draumar .." når folk har kome til ro. Ta med ein juleting du har minne om, og me smakar gjerne på julebakst!
Sundag 10. desember 16-19 Adventssundag i samarbeid med Osterøy Husflidslag Pepparkake, julepynt, graut og underhaldning
----------------------------------------------------------------------------------------------
Haldne arrangement 2005
Onsdag 12. januar : Handarbeidstreff kl 12-15. Bøting, stopping og oppattstrikking. Ta med hol og
tråd!
Måndag 17. januar: Kveldstreff 19.30
Samlar i blodet. Eivinn Revheim fortel om samlarglede med døme frå tre område: modellbilar,
telefonar og butikkboksar.
Onsdag 16. februar : Handarbeidstreff kl 12-15 :Tekstilminne frå ei reise til Thailand
Tysdag 22. februar, onsdag 23. februar og fredag 25 februar. Vinterferieaktivitetar for store og
små kl 10-14
Måndag 28. februar kl 19.30: Kveldstreff kl 19.30 Perspektiv på Osterøyindustrien ved
industrikonsulent Lars Mjøs.
Onsdag 2. mars: Handarbeidstreff kl 12-15. Besøk frå Hillesvåg Ullvarefabrikk
Tysdag 8. mars: Kvinnedagskveld kl 19.30
Måndag 14. mars: Karakveld kl 19.30
Onsdag 6. april Handarbeidstreff kl 12-15 Me lagar raspeballar - -
Måndag 18. april Kveldstreff 19.30. Byggjeskikk og bygningshistorie. Bruk av erfaringane i dag v/
professor Svein Hatløy.
Laurdag 23 april kl 10.30 Oppstadvevdag med Berta Liarbø frå Fitjar.Me ser på oppstadvevfilm og
set opp vev.
Torsdag 28. april kl 18.00 Museumslagstur til Treskofabrikken i Hosanger
Onsdag 4.mai Handarbeidstreff kl 12-15
Søndag 22 mai Liv i gamle stover 1905-2005 13-17 Stort jubileumsprogram med tema 1905 og bjørka.
Opning ved Osterøykoret og norsk/svenske Knut Hendriksen Historia om ei bjørk ved Brit Aase.
Demonstrasjon av kva me kan bruka bjørka til. Husflidsmesse ved Osterøy Husflidslag.
Kalvemønstring ved Osterøy Bondelag. Utstilling: Kva skjedde eigentleg på Osterøy i 1905? Musikk,
mat, moro og meir til!
Arrangørar: Osterøy Bondelag, Osterøy Bygdekvinnelag, Osterøy Fjordhestlag, Osterøy Husflidslag,
Osterøy museumslag, Osterøy mållag, Osterøy Spel- og dansarlag og Osterøy museum. Arrangementet
er støtta av Osterøy kommune
Søndag 29. mai Bergen Veteranbil-klubb vitjar Osterøy museum
Tysdag 7. juni 100-ÅRSMARKERINGA PÅ OSTERØY
Kl 18.00 GJERSTAD KYRKJEGARD
Stortingsrepresentant Rita Tveiten avdukar minneplate av Magne Rongved som var
stortingsrepresentant i 1905. Valestrand musikklag spelar.
Minneplata er ei gåve frå familien Rongved, laga av kunstnaren Alf Rongved.
KL 19.00 KULTURKVELD PÅ OSTERØY MUSEUM
Foredrag ved professor Leiv Mjeldheim. Musikalske innslag frå tida før og etter 1905 med: Eirik
Lohne Rongved, song, Anne-Mari Hannisdal Haga, fiolin, Lars-Erik Haga piano, Maria Rød piano.
”Mor Noreg eit kvad” Streif frå diktinga kring 1905 ved Roald Åge Kleppe. Stort kake- og
kaffibord
Tilskiparar: Hamre tusenårskomiteen, Liv i gamle stover ved Osterøy museum og Osterøy kommune.
Onsdag 15. juni Handarbeidstreff kl 12-15
Sundag 14. august Sommarkonsert kl 16 00. Lars-Erik Haga og Maria Rød spelar piano. Stina Aakre
Vevle syng.
Onsdag 17. august. Handarbeidstreff kl 12-15. Denne gongen er me bedne på synfaring og kaffibesøk
hjå Turid Vevle
Onsdag 7. september.Handarbeidstreff kl 12-15
Sundag 11. september Kulturminnedag/KYSTSOGEVEKENE
OSTERØY RUNDT
Ver med på ei reise i vakkert kulturlandskap mellom kulturminne av alle slag! I øve
kulturminnedagen er alle arrangement gratis
12-15 Havråtunet. Omvising på den freda garden startar kvar heile time. Havråtunet er ein freda
gard med jord og tun liggjande som før utskiftinga. Garden er delvis i privat eiga, og stiftinga
Havråtunet driv gardsbruk for å sikra kunnskapen om den gamle drifta. Ope: søndag 12-15
13-15 Omvising og demonstrasjon i Mjedlasmia. Bygdesmia frå 1917 leverte lokalt, og hadde
dessutan store spesialordrar til butikkar og fabrikkar. Mjedlasmias vener syter for aktivitetar
med omvising og smiing.
12-17 Osterøy museum, Gjerstad Omvising i tunet og i utstillingane
14.00 Gjerstad Låsefabrikk på Gjerstad frå 1887, var ein av dei første smiene av fabrikk-typen.
Dei smidde låsar og leverte til Wallendahl i Bergen. Maskinar og belg vart drivne av vasshjul,
seinare motor. På det meste arbeidde det 6-7 mann i smia som var i drift til ut på 1950-talet.
14-16 Treskoverkstaden i Hosanger i drift! Andreas Mjøs starta produksjonen i 1924 i ein
tidlegare kisteverkstad. Verksemda vart lagt ned i 1954 då det var billegare sko å få i
butikkane. Treskoverkstadens venner har sett maskinane i brukande stand, og har teke opp att det
gamle industrihandverket.
15 00 Omvising i Hamre kyrkje Kyrkjestad frå tidleg mellomalder. Renessansekyrkje frå kring 1600
med rikt dekorert interiør.
17.00 Herlandsfossen kraftverk Gøran Fristorp syng i det gamle kraftverket! sterøykoret deltek.
Herlandsfossen kraftverk sto ferdig i 1919 og er eit klassisk og vakkert industribygg godt synleg
på vegen ned mot Fotlandsvåg. Stasjonen var i drift til nytt anlegg vart teken i bruk i 1995. I
dag er det eit viktig teknisk kulturminne.
Konserten er betalt av BKK. I samarbeid med Kystsogevekene.
Tysdag 4. oktober Fattigstell gjennom 250 år ved professor Anne-Hilde Nagel
Onsdag 5. oktober Handarbeidstreff kl 12-15.
Sundag 16. oktober kl 15 00 : Osterøy museumslag ønskjer velkommen til GOD GAMALDAGS BASAR Åresal
mange kjekke heimelaga gevinstar Gratisgevinstar for born. Trekning av gevinstar på bok : dokka
Sigurd i bunad med sølv, Jentebunad, Stor juleduk , Bringeduk og belte Høve til å kjøpa
kaffi/saft og heimebakst Osterøy museumslag
Måndag 24. oktober kl 19.30 Vêr-kveld Metreologikonsulent Jan Mostrøm snakkar om vêret ved
Osterøy Museumslag
Onsdag 9. november Handarbeidstreff kl 12-15. Me lagar mat
Måndag 21. november kl 19.00 Det friviljuge lagsarbeidet på Osterøy. Orienteringsmøte om eit dokumentasjons- og formidlingsprosjekt
Onsdag 7. desember Handarbeidstreff kl 12-15. Julekakemøte. Ta gjerne med gamle juleting me kan
sjå på!
ADVENTSSUNDAG PÅ OSTERØY MUSEUM sundag den 11.desember kl 16. Juleverkstad med peparkake m.m.
Graut og underhaldning. Kveldsvandring i tunet. Avslutting med ei underleg historie og magisk
felespel.
I samarbeid med Osterøy Husflidslag.
Tysdag 13. desember 10-13 Bakedag Me bakar lefse og flatbrød til jul. Ta med kjevle!
Tysdag 13. desember kl 16.00. Adventskonsert med "Kor for ikkje" Høve til å kjøpa stompekake og
kaffi/saft
__________________________________________________________________
Haldne arrangement mai-desember 2004:
Seminar om gamle norske husdyrrasar 22. mai - Invitasjon/Program/Påmelding
Liv i gamle stover 23. mai - Program
Søndag 22 augustKulturløypa på Osterøy. Ei reise gjennom vakkert landskap mellom kulturminner av
alle slag
kl 12-15 - Omvising på Havrå kvar heile time
kl 13-15 - Omvising og demonstrasjon av knivsmiing i Mjedlasmia
kl 12-17 - Osterøy museum
kl 14 - Omvising i Gjerstad låsefabrikk
kl 14-16 - Omvising i Treskoverkstaden i Hosanger
kl 16 - Omvising i Hamre kyrkje
kl 19.00 - "The best of Ireland" v/Andrea Rice. Konsert i Hamre kyrkje
Arrangement i samband med Kystsogevekene
Onsdag 1 september
Handarbeidstreff kl 12-15 Tema: Korleis set me på kvithuvene?
Søndag 12 september
kl 12-17 - På glass, flaske og krukker til seinare bruk. Hermetisering av markas grøde
kl 15 - Gunnar Nagell Dahl: Konservering før og no
Arrangement i samband med ulturminnedagen/Kystsogevekene
Onsdag 6. oktober
Handarbeidstreff kl 12-15
Sundag 17. oktober kl 15.00
God gamaldags basar
Osterøy museumslag skipar til god gamaldags basar med åresal, heimelaga gevinstar på snorer (og
bord), gratislotteri for alle born og endeleg trekking av Selmadokka. God underhaldning med
prolog og song.
Høve til å kjøpa k affi og noko attåt.
Mandag 25 oktober
Karakveld på museet kl 19.30
Onsdag 3. november
Handarbeidstreff kl 12-15
Puter i alle fasongar og teknikkar. Ta med til miniutstilling!
Mandag 15. november
Slik me kledde oss før, kl 19.30
Ei mimrestund i private og museale samlingar. Catwalk?
Onsdag 1. desember
Handarbeidstreff kl 12-15 Julekaketreff med kakeminne og oppskrifter.
Tysdag 7 . desember
Me bakar flattbrød og lefse til jul kl 10-14. Ta med kjevle-
Sundag 12 desember
Advendtssundag kl 16-18
Hyggeleg søndagsettermiddag med musikk, juleførebuing, graut og kakebaks. Kveldsvandring i tunet.
i samarbeid med Osterøy Husflidslag
|