|
Byggjeskikken på Strilelandet er godt representert, med røykstover og lemstover, loft, eldhus murt i stein og grindbygd løe.
Bilete: Øvsthusstova. Snekkarverkstad frå Hosanger.
Smia ligg attmed elva og er i to høgder. Første høgda, der dei smidde, er murt. Maskinar og belg vart drivne av vasshjul. Det var bytta vasshjul i alle fall ein gong før dei fekk motor. Frå akslingen på vasshjulet gjekk det drev til ein stor slipestein, æsa og ein boremaskin som sto i andre høgda der låsane vart monterte. Saman med boremaskinen står ei handdriven presse. På det meste arbeidde det 6-7 mann i smia. Smia var i drift til ut på 1950-talet, og står om lag slik ho var den siste arbeidsdagen. Barkhuset på Brakvatne
Barkhuset er eit gardsgarveri og den eldste bevarte garveribygningen på Osterøy. Huset er truleg frå første helvta av 1800-talet og syner den tradisjonelle førindustrielle garvarverksemda. Første høgda er mura, andre høgda er grindbygg med brakekledning. Barkhuset ligg tett ved vatnet, og kara som vart brukte låg dels ute, dels inne i første høgda. Kar til kalking, pyr og barking var helst nedgravne tønner, og mykje av det som var har vorte borte med tida. I det luftige rommet i andre høgda vart huder og skinn hengde til tørk. Det er ikkje omvising i huset, bortsett frå for særleg interesserte. |