Jær-museet


Obs! Denne oppføringen er utdatert og informasjon kan være feil, se aktuell hjemmeside.

Nord-Jarlsbergmuseene - informasjon

Fylke: Rogaland
Type: Museum

 

Jærmuseet er eit norsk museum, stifta i 1985, med hovudkontor på Kvia ved Nærbø på Jæren. Museet har avdelingar av ulik art, og har fått status som Sørvestnorsk vitensenter. Det gjev ut årboka Sjå Jæren.

Jærmuseet er ei stifting som er oppretta av jærkommunane Sandnes, Sola, Randaberg, Hå, Klepp, Time og Gjesdal. Ei målsetting for museet er å samordna museumsverksemda i desse kommunane.

Underlagt Jærmuseet er:

Vitenfabrikken i Sandnes, eit vitensenter med fokus på realfag.
Vitengarden på Kvia i Hå, eit vitensenter med fokus på landbruk og natur.
Tungenes fyr i Randaberg, bevart slik det var på 1930-talet.
Limagarden på Ålgård i Gjesdal, eit gardstun med bygningar frå perioden 1800 – 1939.
Grødaland i Hå, ein av dei best bevarte sjøgardane i Rogaland.
Haugabakka på Kleppe i Klepp, bygdemuseum.
Varden på Ogna i Hå, eit sjøredningsmuseum.
Vistnestunet i Randaberg, kommunens best bevarte gardsmiljø frå slutten av 1800-talet.
Nasjonalt Garborgsenter på Bryne i Time, ein formidlingsarena for litteraturen, visjonane og livet til forfattarane Arne Garborg og Hulda Garborg.
Garborgheimen, Arne Garborg sin barndomsheim, på Garborg i Time.
Knudaheio på Undheim i Time, Arne Garborg si skrivestove.
Science circus, vitensenter på hjul.
Krigshistorisk museum, ligg på Sola og formidlar livet og kvardagen under 2. verdskrigen.
Flyhistorisk museum på Sola.
Museumsdirektør sidan 1985 har vore Målfrid Snørteland. Totalt har Jærmuseet kring 200 000 besøkande i året.