Segling
Drøymer du om ein tur langs kysten rik på opplevingar
av natur og kultur? Bli med Mathilde på tokt langs norskekysten.
Med den 121 år gamle hardangerjakta får du ein eineståande sjanse
til å møta kystens perler på ein heilt unik måte.
Seglingstilbodet med Mathilde famnar vidt. Vår og haust seglar
det gamle fraktefartøyet som Hardanger Maritime Leirskule. Om sommaren
er det kysttokt kor alle kan melde seg på. Turen kan gå langs vestlandskysten,
nordover til Florø eller Ålesund, eller mot Stavanger og vidare
til sørlandskysten.
I samarbeid med musea i Hordaland går Mathilde kvart
år på to museumtokt; seint på vinteren og seint
på hausten. Her er det ulike formidlingsopplegg med kulturhistoriske
tema.
For private er det mogleg å leige Mathilde til ymse
arrangement og turar.
Om bord på Mathilde er ingen passasjer. Her tar alle i eit tak
for å heise segl, styre, navigere, lage mat, fiske. Alle har noko
å lære av det røynde mannskapet, og alle har noko å bidra med. Klikk
her for å gå til kontaktskjema,
så sender vi meir informasjon.
|